Töölön takomo
- Kategori: Øvrige prosjekt
- Periode: 2019
- Status: Konkurranse
- Sted: Töölö, Helsinki, Finland
- Rolle: Arkitekt
- Samarbeidspartnere: Urben Studio (London, UK)
Vi deltok i ein konkurranse om å omforma eit bytorg i bydelen Töölö i Helsingfors. Torget skal omformast i samanheng med ein stasjon til den nye undergrunnsbanen som skal byggast her.
Prosjektet har to hovudelement. Det første er å knyta saman torget, som i dag er splitta av ei stor rundkøyring. Dette oppnår vi ved å endra rundkøyringa til eit Y-kryss med overgangsfelt i same underlaget som torget. Dette frigjer mykje areal frå vegen til torget, og torget vert framheva som hovudelementet som vegen må stoppa opp for.
Bytorget er i dag prega av trafikk på alle kantar, og store delar av området blir brukt til parkeringsplass. I framtida vil sannsynlegvis behovet for parkering vera mindre i området, men i ein overgangsfase kan det vera uheldig å ta bort alle plassane som finst i dag. Derfor er det andre hovudelementet i prosjektet underjordiske rom som kan brukast til parkering i starten, og deretter gradvis endra bruk til idrettsanlegg, klartrehall og andre tilbod til lokalmiljøet. Her har vi lagt vekt på å laga ein spennande inngang til dei underjordiske romma, og opningar og lyssjakter rundt på torget som slepp ned overlys til romma under